Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Fat Tony


Patriarken på betongborga

EIN HØGREIST OG BREIDSKULDRA mann står og speidar utover Furubakken. På hovudet har han ein stor hatt som kastar mørke skuggar over ansiktet hans, og vinden leikar med den kneside frakken. Han ser seg rundt. Heile betongborga hans er dekka av faner og flagg i svart og kvitt, og mannen nikkar anerkjennande for seg sjølv medan eit fornøyd uttrykk lyser opp det alvorlige ansiktet hans eit lite sekund. Over skuldrene heng det eit langt skjerf i svart og kvitt, og den kjølige vårvinden som bles over Furubakken får det til å blafra slik at han må retta på det.

FOLKET SAMLAR SEG RUNDT den høgreiste høvdingen medan dei ventar nervøst på at noko skal henda. Han sjølv står heilt roleg midt mellom dei og speidar utover den grønne matta.  Med eitt lyfter han hovudet, og liksom værer ut i lufta. I nokre sekund vert det stille oppe på betongborga. Så kjem dei fram. Heltane av Furubakken stig inn på det grønne rektanglet medan fanfaren rungar over heile plassen. Folket oppe på borga lyfter hendene og syng kampropene sine ut mot rekkja med krigarar i svart og kvitt som nærmar seg frå den andre sida. Den høgreiste høvdingen pustar letta ut. Endeleg. Det han har sett fram til gjennom ein heil vinter er endeleg her igjen. Heltane av Furubakken skal kjempa om livsviktige poeng ute på den grønne matta. Patriarken på betongborga er endeleg klar til vårens første seriekamp...


FAT TONY ER KJENT FOR ALLE som heiar på Valestrand Hjellvik FK. Han vart tidleg sjølve symbolet på ein annleis fotballsupporter då Bergens Tidende reiste med Valestrand Hjellvik sin supporterbuss til bortekamp mot Telavåg for mange år sidan. Den svarte silhuetten av supporterhøvdingen med hatten over ei heilside i BT har nok brent seg inn på netthinnene til fotballfolket på Valestrand for evig og alltid.



SIDAN HAR DET BLITT FLEIRE sprell, og våren 2008 fekk Fat Tony betala dyrt for sin store kjeft. Året før hadde han uttala at dersom "desse Brann frå sø i bydn vinn seriegull" skulle han gå frå Valestrand og like heim til Brann-trenaren iført den stygge drakta til bylaget. Som sagt, så gjort. Alle på vestlandet kjenner til kven som førte gullet hem i 2007, og dermed måtte Fat Tony ut å vandra på asfalten. Men supporterhøvdingen gjorde det med stil, og starta kronerulling for to nye etasjar på betongborga til supporterane. For kvart steg han tok på si vandring, kunne folk skriva seg på med ein pengesum. Fat Tony samla inn 40.000 blanke kroner på si ferd til Haus...
 



Skrivebordssupporter

21-08-2010 | Fat Tony

Ein får eit rimelig ambivalent forhold til ein seier, som utløyse galskap og ville scener på sidelinja med påfølgande storming av bana, når ein set framføre eit tastatur, på ein smikkfull Engelsk flyterigg, med begrensa toalettfasiliteta.


Les mer | Fat Tony

 



2009 © Valestrand Hjellvik FK.
Kontakt oss på post@vhfk.no | Redaktør: Steinar Vatle | IT-ansvarlig Reidar Liabø
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til www.vhfk.no.
Logg inn