
DEN EKSENTRISKE TRENAREN TIL Valestrand Hjellvik sitt flaggskip på herresida er klar for ein ny sesong som skribent for vhfk.no. På denne sida kan du mellom anna fylgja med
i Jo Solberg sine eigne kamprapportar, og sjå kven av spelarane som gjer det best på Joen sin spelarbørs etter kampane.
JO SOLBERG ER EIN KARISMATISK type som fort vert lagt merke til. Han er kjappare i replikken enn dei aller fleste, og ser ut til å ha ei utømmeleg kjelde av verbale gullkorn å ausa frå. I tillegg har mannen fått utdelt ein god porsjon med sjølvironi, og er dermed svært vanskeleg å stilla til veggs. I nyttårsutgåva til lokalavisa proklamerte VHFK-trenaren at nyttårsforsettet hans var å verta mindre audmjuk.
PÅ TRENINGSFELTET TIL A-LAGET er det ikkje vanskeleg å verken sjå eller høyra kven som er sjefen, og Jo Solberg ser ut til å ha full kontroll på spelarstallen sin. 2009-sesongen er den tredje som Valestrand Hjellvik-trenar for den tidlegare Osterøy-sjefen. Alle på Valestrand satsar no på at alle gode ting er tre, og at Jo Solberg klarer å føra laget opp i tredje divisjon etter ti sesongar i fjerde.
WEB-TV: Sjå Tv2-innslag om Jo Solberg og VHFK.
Vi møtte et Radøy lag som var svakere i denne kampen enn det de var i vår, og de virket ikke godt trent. Men vi har nå spilt 4 kamper i høst, og har 12 poeng samt 18-3 i målscore. Det er vi nøgd med, men vi trenger å få folk tilbake nå.
2009 © Valestrand Hjellvik FK.
Kontakt oss på post@vhfk.no | Redaktør:
Steinar Vatle | IT-ansvarlig Reidar Liabø
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til www.vhfk.no.
Logg inn