Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

McArno The Kanel


Kanelen slår til igjen

ENDELEG KAN VI PRESENTERA McArno the Kanel som skribent på nettsidene til fotballklubben han elskar over det meste på denne jord. Kanelen er erkesupporter med stor E, og Valestrandspatriot på sin hals. Vi har tidlegare sett og høyrt han både på TV og radio, der han stolt har fortalt verda om klubben i svart og kvitt. Kven kan vel gløyma McArno the Kanel stå fram på Norge Rundt å fortelja om sitt forhold til ein fotballklubb i 4. divisjon. Eller då han på NRK-radio skulle forklara ein uvitande radioreporter korleis det kunne ha seg at ein liten ukjent klubb frå Osterøy hadde kome på 4. plass i Dagbladet si kåring over dei mest populære klubbane i landet. Berre slått av Vålerenga, Brann og Rosenborg...

KANELEN ER OGSÅ MANNEN BAK  den populære fanzina "Black & White Army" som med jamne mellomrom kjem ut som supporteravis på Valestrand Hjellvik sine kampar. Han kan ha ei giftig tunge, og samtidig vera svært finurleg i sine formuleringar. Han står også bak ei rekkje fantastiske bildemanipulasjonar i fanzina si, i tillegg til at han er fast skribent på nettstaden til Valestrand Hjellvik SupporterKlubb.

McARNO THE KANEL ER KLAR FOR å formidla sine kommentarar og skråblikk på ting som skjer rundt Valestrand Hjellvik FK, og sikkert mange andre ting som måtte komma susande forbi hans kreative tankefelt...
 



Fotball skal væra gøy!

03-09-2010 | McArno the Kanel

Minigutter 9 spelte i går kamp mot eit lag frå hi siå.
Eg kom i frå behandling for ein rygg so streika, men som far ville eg ha med meg detta.
I strålande sol på Furubakken va da duka for ein liten time med knallgod fotball og ekte fotballglede utført av 9 åringa. Men da va heilt andre ting so fekk fram skrivelysten i meg.


Les mer | McArno The Kanel

 



2009 © Valestrand Hjellvik FK.
Kontakt oss på post@vhfk.no | Redaktør: Steinar Vatle | IT-ansvarlig Reidar Liabø
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til www.vhfk.no.
Logg inn