Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Om Valestrand Hjellvik


Fakta om Valestrand Hjellvik

Grunnlagt: 1992

Heimebane: Furubakken, Valestrand. (kunstgras)

Heimedrakt: Kvit/svart vertikalstripete trøyer, kvite bukser og kvite strømper.

Bortedrakt: Raud/svart vertikalstripete trøyer, kvite bukser.



KLUBBEN VART GRUNNLAGT 13. desember 1992 etter ei samanslåing av Valestrand IF frå 1978 og fotballgruppa til Hjellvik IL frå 1959.


VALESTRAND HJELLVIK SIN LOGO inneheld grønfargen til Valestrand IF og blåfargen til Hjellvik IL, for å symbolisere at den nye klubben har røttene sine i desse klubbane.


VALESTRAND HJELLVIK FK spelar i svarte og kvite drakter. Overdelen har vertikale striper, medan bukser og strømper er heilt kvite. Bortedraktene har raude og svarte vertikalstriper på overdelen, og kvite bukser og strømper.


KLUBBEN SIN HOVUDBASE er Furubakken Idrettsplass, som ligg i hjertet av den idylliske bygda Valestrand, heilt sør på Osterøya utanfor Bergen. På Furubakken vart det lagt nytt kunstgrasdekke i april/mai 2006.

VALESTRAND HJELLVIK SITT A-LAG på herresida spelar i dag i 4. divisjon i Hordaland Fotballkrets. A-laget starta i 6. divisjon etter samanslåinga, men var nære ved opprykk til 5. divisjon i fleire sesongar. I 1997 klarte dei det endeleg, og berre to år seinare tok laget steget opp i 4. divisjon. Her har dei spelt sidan, og beste tabellplassering er 3.plass både i 2005 og 2008.


A-LAGET PÅ DAMESIDA RYKKA opp til 3.divisjon i 2005, og vart suverene kretsmeistrar i 4.divisjon.  I 2006 kjempa laget heilt i toppen i 3.divisjon, og enda til slutt på ein fin 3.plass.

Året etter mista klubben fleire spelarar, og måtte dessverre trekka laget frå serien. I 2009 er laget endeleg tilbake i seriespel att, og startar då på nytt i 4. divisjon.





Siste Blogger

McArno the Kanel
 



2009 © Valestrand Hjellvik FK.
Kontakt oss på post@vhfk.no | Redaktør: Steinar Vatle | IT-ansvarlig Reidar Liabø
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til www.vhfk.no.
Logg inn