Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Supporterklubb

Valestrand Hjellvik SupporterKlubb

 

VALESTRAND HJELLVIK FK HAR lenge vore kjent for sine trufaste supporterar, som reiser land og strand for å støtta laget sitt. Vi tør påstå at dette er den desidert beste og mest aktive supporterklubben for lag i lågare divisjonar i Norge.  Supporterane følgjer A-laget til Valestrand Hjellvik på alle kampar, og er gode til å støtta laget sitt også når det går i mot.


SUPPORTERKLUBBEN TIL Valestrand Hjellvik har også sine eigne nettsider, Badnafakte.net, og som navnet tilseier kan du finna mykje moro og utrulige aktivitetar og avstemningar der.  Før sesongstart arrangerer supporterklubben kvart år sitt eige seminar, der strategien for den kommande sesongen vert lagt.  Her vert det gjerne delt ut oppgåver til kvar enkelt, slik at ting ikkje går i gløymeboka.


VHFK SINE SUPPORTERAR er etter kvart både berømte og berykta i heile fylket, og fleire og fleire kamparrangørar ser fram til kampane mot Valestrand Hjellvik nettopp på grunn av dette. VHFK-supporterane stiller helst i dress frå Fretex når dei skal yta sitt beste, og hjelpa til med å skaffa laget poeng. Og at denne gjengen skaffar Valestrand Hjellvik sitt A-lag ein god del ekstra poeng gjennom ein sesong er det ingen tvil om. Alle spelarane på laget har sin eigen song, og desse vert framført av supporterkoret på tribuna etter kvart som spelarane gjer seg bemerka i løpet av kampen. Dette er med på å skape stor stemning både mellom spelarane, supporterane og publikum ellers.


SUPPORTERKLUBBEN HAR OGSÅ hatt eigen supporterbil ved nokre anledningar, og den siste bilen deira vart kåra til Årets Rånebil i Bergens Tidende si tevling om den beste rånebilen. På bildet til venstre ser du eit lite knippe VHFK-fans som stolte flankerer sin nykåra doning.



 


Siste Blogger

McArno the Kanel
 



2009 © Valestrand Hjellvik FK.
Kontakt oss på post@vhfk.no | Redaktør: Steinar Vatle | IT-ansvarlig Reidar Liabø
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til www.vhfk.no.
Logg inn