Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Tabelltipp 2010
<

Tabelltipp 4. divisjon avd. 1 - 2010

 

Vi hadde desverre ikkje tid til å laga VTV-Magasinet med den årlege tabelltippinga før sesongstart i år. Derfor legg vi vårt tips for sesongen ut her. Heile seks lag må ta den tunge vegen ner i 5. divisjon i år pga. omlegging av seriesystemet for 3. og 4. divisjon.

Dermed blir det neglebiting for mange klubbar i år. Vi trur nokre av laga tidleg i sesongen vil staka ut kursen mot divisjonen under....

Vi begynner med fire lag vi er rimeleg sikre på rykker ned...

Bunnlaga:

12. plass: Voss 2

Heilt nederst har vi i år tippa Voss 2. Etter fleire sesongar på nedre halvdel tar dei i år vegen ned eit hakk. Laget har nok vorte redda av Voss sitt førstelag i fleire år, men i år vil laget ligga langt bak sikker plass allereide før haustsesongen tek til at det blir for omfattande å få tilstrekkeleg hjelp av Voss sitt topplag. Dei vil bli klar for 5. divisjon tidleg på hausten spår vi. Laget har som målsetting å klara topp 6 plassering, men veit det blir vanskeleg. 

 

11. plass: Rosendal

Laget kunne feira opprykk før sesongstart i år då Orion trakk laget sitt. Rosendal havna på nedrykk i fjorsesongen rett foran Osterøy. Hadde VHFK tapt mot OIL i siste serierunde hadde Osterøy fått denne plassen.

No må dei belaga seg på opp og nedrykk samme sesong.

Laget har omtrent same spelarstall som i fjor. To nye inn og to ut. Dei nye spelarane har erfaring frå divisjonen over og kan nok styrka laget litt. Til hausten er det gode mulighetar for at to spelarar vender tilbake etter studier, men vi trur det er for seint til å berga plassen.

 

10. plass: Austrheim/Lindås

Har som målsetting å berga plassen. Vi har ikkje tru på det sidan halve divisjonen rykker ned. Kom opp frå 5. divisjon og rykker ned att til 5. divisjon. Stallen er ikkje vesentleg forsterka i forhold til fjoråret. Er avhengig av ein god start på sesongen og trur sjølv dei havnar høgt på tabellen. Dei har nok ein drøm om å slå naboen Radøy Manger. Kanskje klarar dei det på heimebane, men på tabellen havnar dei langt bak. Laget har hatt god statistikk på heimebane tidlegare sesongar. Laget spelar ein del "long ball" og kan nok kontra inn ein del mål på dette.

 

9. plass: Fusa Fotball

Har forsterka laget frå i fjor og har tru på å overleva. Vi trur at Fusa raskt havnar i trøbbel og vil havna i bunnen av tabellen i lag med dei tre laga vi har omtalt.

Kan overaska ein del lag på heimebane der dei er sterke.

 

Nedrykksstriden:

 

8. plass: Laksevåg

Har slått seg saman med Orion og dette bør slå positivt ut. Laksevåg hadde litt for stor snittalder i fjor, men dette er bedre i år. Dette laget kan overraska og det må dei for å berga plassen. Det viktigaste for denne gjengen er å klara å holda fokus når det buttar i mot. Har hatt ein tendens til å gå seg sur i motgang. Vil kjempa om den viktige 6. plassen på tabellen

 

7. plass: Sandviken

Laget kom ned frå 3. divisjon og kan fort havna rett i 5. divisjon. Har eit vanskeleg kampprogram i seriestarten og vil bli overraska over nivået i divisjonen. Kan fort forlenga dei dårlege resultata frå fjorsesongen og då blir det tøfft å reisa seg. Ein del spelarar vart ikke med ned i 4. divisjon og laget satsar ikkje på opprykk igjen på direkten. Denne defensive holdninga kan fort straffa seg i år. Vil kjempa om 6. plassen.

 

6. plass: NHH

Har ambisjonar om opprykk!! Det likar vi og dette kan redda laget frå nedrykk. Vi trur dei klarar seg med eit nødskrik. Har hatt ein del utskiftningar i laget i år og fått på plass ein solid keeper. Klarte ein god 5. plass i debutsesongen sin i 4. divisjon i fjor etter å ha klatra i rekordfart frå 7. divisjon. Største problemet til NHH er heimebana. Her har laget vore svake og det kan bli deir bane.

 

5. plass: Ny Krohnborg

Melder om ein litt bedre stall enn i fjor, men det er det fleire andre lag som gjer og. Laget vil nok overleva, men det blir ingen topp-plassering. Hadde ein fantastisk vårsesong i fjor, men fallt pladask i haustsesongen og rasa nedover tabellen. Må nok belaga seg på ein spennande haustsesong. Kan slå dei fleste på ein god dag, men vi trur laget har litt for lite hurtighet til å havna høgare.

 

Opprykkskampen

 

4. plass: Radøy Manger

Dette trur vi blir årets overraskelse! Har som målsetning og bli bedre enn Austrheim/Lindås samt og få revansj for det forsmedelige 1-9 tapet mot VHFK for nokre år sidan. Årets stall er mykje bedre enn på lenge og Sindre Erstad er tilbake som spelande trenar. Laget har med dette fått ein ny giv og kan faktisk ta steget heilt opp hvis marginane er med dei.

"Gamlegutta" er svært sugne på å visa at dei er bedre enn Austrheim/Lindås. Vi trur den offensive satsinga lykkes og at laget vil kjempa i toppen igjen i år.

 

3. plass: Loddefjord

Dette er eit lag dei aller fleste skal få trøbbel med i år. Spissane er svært gode og scorar mykje mål. Dei kjem med målgaranti i år også. Må få orden på forsvarspelet sitt for å klara opprykk. Det kjem garantert til å bli ein del målrike kampar med Loddefjord i år.

 

2. plass: Djerv

Vil garantert kjempa om opprykk! Har ein svært solid stall. Har gode resultat i treningskampane og slo ut Lyngbø frå 3. divisjon i NM denne veka. Laget har som målsetning å klara opprykk og direkte retur til 3. divisjon. Må vinna toppkampane hvis dei skal klara dette. Laget vil scora mykje mål og skal vera solide bakover også. Dette kan gå veien....

 

1. plass: Valestrand Hjellvik FK

Har klare ambisjonar om opprykk. Klarte det nesten i fjor, men snubla mot nokre av dei svake laga. Beste stallen dei har hatt i 4. divisjon og tar steget heilt opp i år. Laget har vore eit stabilt topplag dei siste sesongane og med årets forsterkningar har trenar Jo Solberg ein brei og fin stall som tåler ein del skader. Har i tillegg  Black & White Army i ryggen. Vi trur fire lag vil kjempa om opprykk når det drar seg til ut på hausten...

 

 


Siste Blogger

McArno the Kanel
 



2009 © Valestrand Hjellvik FK.
Kontakt oss på post@vhfk.no | Redaktør: Steinar Vatle | IT-ansvarlig Reidar Liabø
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til www.vhfk.no.
Logg inn